Forslag til ny og funksjonell trasé

Bygg E39 for framtida

Ein framtidsretta og effektiv infrastruktur mellom regionar i sterk vekst er viktig om Nord-Jæren, Dalane, Flekkefjord og Kristiansand skal bindast saman. Då må ein ny E39 leggjast nærmare der folk bur og arbeider.

 

E39 må gå frå Sandnes via Høg-Jæren, Egersund og vidare til Flekkefjord. Gevinstane er mellom anna at regionane flyt saman, felles arbeidsmarked, bedre trafikksikkerhet og eit sterkt redusert press på matjorda i Norges mest produktive jordbruksområde – Jæren.

Me er svært glade for at samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen har bedt vegvesenet om ei vurdering av vårt forslag til trasé

Traseen frå Sandnes over Høg – Jæren via Egersund og Sokndal til Flekkefjord er viktig av fleire grunnar.

Nærhet til folk og industri

Ved å leggje ny trasé for E39 frå Sandnes over Høg-Jæren, via Lye, Egersund og Sokndal til Flekkefjord kjem Europavegen nærmare der folk bur. Langs eksisterande E39, sør for Ålgård til og med Sira bur det i dag omtrent 7.500 menneske. Totalt langs forslaget til E39 trasé frå Sandnes over Høg – Jæren i kommunane Klepp, Time, Hå, Egersund og Sokndal, bur det – 70.000 menneske. I tillegg er det mykje industri og næringsverksemder med store behov for transport på veg. Ved å legge ny E39 etter vårt forslag vil lokale myndigheter lettare kunne planlegge og legge til rette for bolig og næringsutvikling i uproduktive områder.

Kan redusera utbyggingsbehov for delar av vegnettet

Basert på Vegvesenets eigne trafikkteljingar langs FV44, kan me ut frå dagens trafikk anslå at mellom 10.000 og 15.000 bilar i døgnet naturlig vil kanaliserast inn på Ny E39 trasé. Dette vil gje stor avlastning av FV44. Behovet for ei oppgradering av denne vegen til fire felt blir sterkt redusert eller forsvinn heilt.

Ein ny E39 over Høg-Jæren treng gode tilførselsvegar. Ny trasé kryssar dei vegane som allerede i dag er tilførselsvegar til eksisterande E39. FV504 frå Varhaug og FV506 frå Bryne til Lye treng ei oppgradering for å dekke behova. Men det er også nødvendig om E39 i framtida skal gå over Bue.

Effektiv byggeperiode

Ein E39 trasé over Høg-Jæren kan stort sett byggjast utan å forstyrra eksisterande trafikk på E39. Det betyr kortare byggetid, mindre køkjøring, lysregulering, omkjøring og stengt veg. Dette gir stor økonomisk gevinst som kjem ikkje minst industri og transportnæringa til gode. Men også vanlige trafikantar blir spart for irritasjon og forseinkingar over fleire år i byggjeperioden.

Ny E39 over Høg-Jæren – ein mulighet for meir friluftsliv

Skal me lage eggedosis må me knusa nokre egg. E39 over Høg-Jæren vil gå ut over noko ”urørt” natur. Men det er viktig å sjå heile biletet og vurdera kva me kan forsaka for å få til beste løysinga. I store delar av ny trasé er det gitt konsesjon til bygging av vindmøller, dermed er området allerede bestemt brukt til viktige samfunnsformål. Ein ny veg gir mulighet for rasteplassar som utkikkspunkt og lettare tilkomst til turområda på Høg-Jæren.

Jordvern og arealplanlegging

Det er stor enighet om at matjorda er verdifull og må forvaltast med respekt og omtanke for kommande generasjonar. Matfylket Rogaland har eit spesielt ansvar for å bevare Jæren som nasjonalt matkammer. Her er presset på matjorda enormt og det er eit stort behov for uproduktive arealer til næring og boligområde. Tilrettelegging av ny infrastruktur er ei forutsetning for styrt samfunnsutvikling. Me kan bare oppnå langsiktig jordvern ved målretta bygging av ny infrastruktur til uproduktive område.

Tenk nytt og framtidsretta: E39 frå Sandnes over Høg-Jæren via Egersund og Sokndal til Flekkefjord vil være Rogalands viktigaste valg av infrastruktur dette århundre.

Aksjonsgruppa for Ny E39

Rune Gjedrem

 

Design og utvikling: oostring