Forslag til ny og funksjonell trasé

Visjonen om ny E39 trasè

 

Samferdselsdepartementet har bestilt en konseptvalgutredning frå Statens vegvesen for utbedring av E39 mellom Ålgård og Søgne. Utgangspunktet er eit stort behov for sikrare veg, meir effektiv transport og kortare reisetid på denne strekninga mellom Stavanger og Kristiansandsregionen. Begge regionar er i sterk vekst, med Nord-Jæren på topp i landssamanheng. Dagens E39 held på langt nær mål som ei effektiv transportåre mellom Kristiansand og Stavanger. Vegen har  svært  mange møteulykker med døden som resultat. Dei siste 10 åra har over 50 menneske mista livet og meir enn 100  blitt hardt skada på denne strekninga.

Statens vegvesen anbefaler ei etappevis oppgradering av dagens veg til midtrekkverkstandard med 2, stedvis 3 felt og nokre kilometer med 4 felt. Dette er ein tradisjonell måte å byggje veg på i Norge, stykkevis og delt. Når eksisterande veg skal forbedrast vil det bli lang byggetid og svært mykje venting for trafikken. Erfaringstal frå entreprenørane viser at det går med 50-60 prosent ekstra tid når det er trafikk i anleggsområdet, samanlikna med å kunne arbeida fritt. På frie anlegg kan det brukast større og meir effektive maskinar, som vil korte ned byggjetida.

Eit anna interessant spørsmål  er kva årstal denne vegstrekninga er fullt utbygd med midrekkverk?  Blir det i 2040, 50 eller 60? Og kva standard har vegen? Vil me få ein møtefri og  god lokal traktorveg, eller ei effektiv og sikker hovedferdselsåre mellom Kristiansand og Stavanger som oppfyller nullvisjonen?

 

 

Forslaget

Mitt forslag er derfor å leggje firefelts E39 til ein ny transportkorridor frå Sandnes via Egersund og Sokndal til Flekkefjord.  Hovedpoenget med den nye traseen er å legge E39 nærare kysten og befolkninga der. Dette vil på lengre sikt gi ein mykje større samfunnsøkonomisk gevinst enn å behalde dagens trasè.  Allerede i dag vil over 65 000 menneske få kortare avstand til den nye E39. Lagt som vist på kartet vil det også bli et minimalt forbruk av dyrka og dyrkbar jord. Det som kan gjere ein ny samferdselskorridor ekstra lønsam, er å planleggje og byggje dobbelspora hurtigtoglinje parallelt og samtidig med ny firefelts motorveg. Ei slik løysing kan gi svært store innsparingar og må vurderast nøye.

Allerede i Sandnes skil me lag med den gamle traseen og går under Bogafjell boligområde. Deretter fortset vegen rett mot den planlagte bydelen Bybåndet sør. Dette blir rekna som  eit viktig område for både næringsliv og boligutbygging, og vil i løpet av eit par 10- år få ein viktig regional funksjon. Området kan på sikt få 10-15000 nye innbyggjara og over tid skal store delar av boligbygginga i Time og Klepp rettast mot dette området for å spare jordbruksområde lenger vest. Området peikar seg også ut som det viktigaste framtidige næringsområde på Jæren med oppmot 10000 nye arbeidsplassar, bl.a. som ei avlastning av Forusområdet. Med E39 i tunnell under byen på Lyefjell vil dei få effektiv kommunikasjon. Og fra Lyefjell til Bryne sentrum er det kun 5 kilometer, i fra eksisterande E39 er det over 16 kilometer til Bryne.

Stort sett alle innbyggjarane i Klepp, Time og Hå kommunar vil få vesentleg kortare veg til E39 enn i dag. Fordelane for næringsmiddelindustri, landbruk, gartneri og anna industri er svært store. Store delar av Norges matkammer er plassert i dette området og det er ein betydeleg eksport av ferskvarer til andre delar av landet.

Vindmølleparkane som er planlagde i dette området vil innehalde over 200 vindturbinar. Dette viktige området vil få god tilkomst og transport til og frå blir forenkla.

Dalane regionen og Egersund by vil bli knytta mykje nærmare til industri og arbeidsplassar på Nord Jæren og Sandnes – Stavangerområdet enn i dag. Ein god og sikker infrastruktur er sjølve limet som bind regionane tettare saman i framtida. Redusert forbruk av tid og kilometer for tungtrafikk, varetransport, pendling og anna næring vil utgjere enorme beløp i kroner og øre.

 

Framtidsretta infrastruktur

Alle ynskjer ein framtidsretta, sikker og effektiv infrastruktur, det reduserer dødsulykkene og skader på menneske og materiell. Samtidig er det ein av dei viktigaste faktorane for samfunnsutviklinga og økonomisk vekst for heile regionen. Nå har me ein svært spesiell mulighet til å byggje ny firefelt E39 i rekordfart og samtidig la trafikken gå uforstyrra på eksisterande veg i anleggsperioden. Dette vil utan tvil være den beste løysinga på lang sikt og eksisterande E39 kan i framtida fortsetje å være ein god lokal traktorveg. Med svært redusert trafikk vil ulykkesfrekvensen på denne vegen gå dramatisk ned.

Vi har midlar i overflod, ressursane, teknologien og ekspertisen for å gjennomføre dette prosjektet. Alt me treng er modige og handlekraftige politikarar som torer å vise i praksis at trafikktryggleik har høgaste prioritet i vegpolitikken og gjer vedtak deretter. Skal me la denne unike sjansen gå frå oss på grunn av eit forelda finansieringssystem for vegbygging her i landet?

Eg håpar at dette forslaget er så interessant at mange finn det verdt å sjå nærare på.

 

 

 

 

 

Klikk for større kart:

Gammel trasè

 

Ny trasè

 

Ny trasè med toglinje

Design og utvikling: oostring